Cruise til Hjelmeland, Jøsenfjorden og Førrebotn

Lørdagar

Avgang frå Stavanger, Jørpeland, Tau, Østhusvik, Sør Talgje, Sørvåg (Fogn) og Hjelmeland.

Om turen

Jøsenfjorden strekker seg innover i Hjelmeland kommune, midt i Ryfylke. Fjella ruver på begge sider av fjorden, og stig rett opp til høgder på over 700 meter over havet. Langs begge sider av fjorden ligg det gardsbruk som er i drift den dag i dag, men også gardar og husmannsplasser kor folk er flytta frå. Ein båttur på fjorden er ei minnerik oppleving. Mektige fjell kneiser rett opp frå sjøen, med den karakteristiske «Skomakarnibbå» som ein majestet midt i fjellsida. Båtturen går heilt inn til Førrebotn. Her har dei færraste vært. Staden var sentral under kraftutbygginga av Ulla-Førre anlegget. I dag bur det ingen her inne.

På veg ut frå fjorden stansar me på Hjelmeland kor det vil bli muleg å gå i land for å handle lokale produkter på kaien, eller å ta seg ein tur i Hjelmelandsvågen.

Bestill billett til turen

Informasjon om avgangstider og prisar.

Slideshow Items