Galleri bilder

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir
Schlawicke 00

Foto: Morten Hetland

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.
Les meir

Helgesen 03

Foto: Morten Hetland

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.
Les meir

Sie 05

Foto: Morten Hetland

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.
Les meir

Jansen Bomark 07

Foto: Morten Hetland

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.
Les meir

Har du lyst å bli vår nye lærling?

Hjelmeland kommune har frå hausten ledige plasser for nye lærlingar innan følgjande retningar:

- Barn og ungdom
- Helsefagarbeidar
- Institusjonskokk
- Byggdrifter

Me søkjer
deg som har avslutta vidaregåande opplæring i eit av faga over i år, og er interessert i ein læreplass i Hjelmeland kommune.

Me tilbyr
- Varierte og lærerike arbeidsoppgåver etter læreplanen
- Veiledning av dyktige instruktørar
- Trivelig arbeidsmiljø
- Lærestad som ønskjer å ha lærlingar

Anna informasjon
- Hjelmeland kommune samarbeider med opplæringskontoret Rytopp. For meir informasjon sjå www.rytopp.no
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Søkjarar med tilknyting til Hjelmeland og som er rettigheitselevar vert prioriterte
- Det vert lagt vekt på; orden, fråvær, motivasjon, personlege eigenskapar, samt karakterar
- Husk å leggja ved kopi av vitnemål/terminkarakter frå VK1, VK2 og kopi av eventuelle attester frå andre
- Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktene som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For lærlingar innan helsefag og byggdrift er det ein fordel med sertifikat

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland Kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig for vidare handsaming av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer allikevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf 51 75 70 00.