Galleri bilder

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.

Les meir

Sommarmarknad og sidertur til OmCider

Tidspunkt: 9. juli

Stad: Hjelmelandsvågen og OmCider

Velkommen til sommarmarknad i Hjelmelandsvågen!

Det blir salsboder med lokale produkt, du kan besøkja sommarutstillinga "På spinnesida: Vevnad" i Spinneriet, det blir underhaldning og aktivitetar og du får ferietips frå turistverten!


I samband med sommarmarknaden blir det òg høve til å oppleva sideria i Hjelmeland!

Denne laurdagen går turen til OmCider!

Avreise med båt eller buss frå Hjelmelandsvågen kl. 13.00.

Ei gruppe startar i den restaurerte skuta M/S Lyngøy. Her får du servert rømmegraut med spekemat og eplemost. Båten tek deg inn til Tytlandsvik i Jøsenfjorden.

Ei anna gruppe blir med Jøsneset transport i buss til OmCider. Her blir det omvisning og moglegheit for å smake på produkta deira. Bussen går så vidare til Tytlandsvik, der de følg båten tilbake til Hjelmelandsvågen.

Dei som startar med båt, går over i buss og får same omvisning hos OmCider på veg tilbake til Hjelmelandsvågen.

Billett:

Pris kr 700,- pr. person. Prisen inkluderer transport, mat og smaksprøvar.

Billett kan du bestille hos turistverten på tlf. 404 39 157. Du kan også sende ein e-post til turistvert@hjelmeland.kommune.no eller koma innom i opningstida måndag til fredag kl. 10 - 15.30.

Det er plass til totalt 24 deltakarar - 12 med båten og 12 med bussen.


Påmeldingsfrist: Fredag 8. juli kl 14.


Hjarteleg velkommen til sidertur og sommarmarknad!

  • Tidspunkt: 20. august

    Stad: Festplassen (idrettsbanen ved skulen), Fister

    Fisterdagen er ein familidag som i år arrangeres for fjerde gong. Det er Fister Bygdaråd som eig Fisterdagen og som saman med gode lokale bedrifter/sponsorar gjer dette arrangementet mogleg år etter år.

    Hjarteleg velkomen til Fisterdagen!

    Les meir om Fisterdagen.

    Fisterdagen
  • Tidspunkt: 2. - 4. september

    Stad: Hjelmelandsvågen

    Ryfest er ein kultur- og matfestival på vakre Hjelmeland i Ryfylke.

    Festivalen fremjer landbruk, lokale mattradisjonar, frukt, sjømat, havbruk, kunst, handverk og kultur!

    Ryfest har som mål å vera ei festhelg for heile familien, der matglede og kultur står i sentrum.

    Viktige og tradisjonsrike Ryfylkenæringar som fruktdyrking, havbruk, landbruk og kunsthandverk får høve til å presentera seg og lokale artistar står på scena saman med nasjonale.

    Og så vil du sjølvsagt oppleva fest og basar på kveldstid, med konsert, mat- og gourmetkveld m.m.!


    Les meir om Ryfest.

    Ryfest - kultur- og matfestival i Hjelmeland
  • Tidspunkt: Laurdag 15. oktober kl. 10 – 12:30

    Stad: Jøsneset Grendahus

    Me kjem tilbake med invitasjon og påmeldingsinformasjon etter sommaren.

    Me ønsker dykk ein flott sommar!

    Hyttefrukost