Galleri bilder

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir
Schlawicke 00

Foto: Morten Hetland

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.
Les meir

Helgesen 03

Foto: Morten Hetland

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.
Les meir

Sie 05

Foto: Morten Hetland

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.
Les meir

Jansen Bomark 07

Foto: Morten Hetland

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.
Les meir

Frukostmøte med Innovasjon Norge

Tidspunkt: Onsdag 26. oktober kl 09 – 10

Stad: Kontorfellesskapet "Hjelmeland Naturlegvis!", Prestagarden 5, Hjelmeland

Me inviterer til frukostmøte med spesialrådgivar Erling Johansson frå Innovasjon Norge Rogaland.

Innovasjon Norge bidreg med tilskot og lån til mange bedrifter i Ryfylke. Bli med på møtet og lær meir om dei ulike ordningane og tilboda som Innovasjon Norge har.

I etterkant av frukostmøtet blir det høve til individuelle møte med Innovasjon Norge der du kan presentere din forretningside eller prosjekt.

Møtet er gratis, men krev påmelding. Hugs også å merke av om du ønskjer eit møte for å diskutere mogleg finansiering og rådgiving frå Innovasjon Norge. Her er det først til mølla som gjeld! Ta gjerne kontakt med Suldal Vekst om du har spørsmål eller har behov for å diskutere.


Suldal Vekst næringshage arbeider dagleg med gründerar og andre entreprenørar og er her for å hjelpa deg som har ein god idé.

Arrangementet blir gjennomført i samarbeid med Hjelmeland kommune/Hjelmeland Naturlegvis!

For påmelding, send epost til: post@suldalvekst.no

Frist innan måndag 24. oktober

Sjå meir om arrangementet på Facebook.