Galleri bilder

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir
Schlawicke 00
Foto: Morten Hetland

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.
Les meir

Helgesen 03
Foto: Morten Hetland

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.
Les meir

Sie 05
Foto: Morten Hetland

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.
Les meir

Jansen Bomark 07
Foto: Morten Hetland

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.
Les meir

Romjulstreff der ungdommen møter næringslivet!

Tidspunkt: Onsdag 28. desember kl 17 – 19:30

Stad: Hjelmeland Samfunnshus

Det er mange ulike og interessante jobbar i Hjelmeland, men kor lett er det for deg som er ung å få oversikt over kva for jobbar som finnast? Eller å kome i kontakt med moglege framtidige arbeidsgivarar? Arrangementet er meint å hjelpe ungdommane med å bygge nettverk og samstundes få ei oversikt over kva for sommarjobbar, lærlingplassar og attraktive faste jobbar som finnast i Hjelmeland.

Me håper at mange ungdommar lar seg freiste av eit arrangement kor dei kan treffe både lokalt næringsliv og kvarandre.

Meir informasjon om arrangementet kjem etter kvart, men me oppmodar ungdommen til å setja av tidspunktet allereie no.

  • Tidspunkt: Onsdag 5. oktober kl 18 – 21

    Stad: Kontorfellesskapet "Hjelmeland Naturlegvis!", Prestagarden 5, Hjelmeland

    Har du nyleg starta bedrift eller har planar om å gjera det?

    Sit du på ein idé og lurer på korleis den kan realiserast?

    Suldal Vekst næringshage inviterer deg til ein etablerersamling onsdag 5. oktober frå klokka 18:00 i kontorfellesskapet "Hjelmeland Naturlegvis!" sine lokaler.

    Her får du informasjon om:
    – Korleis komma i gang som gründer.
    – Støtteordningar og andre finansieringsmoglegheiter.
    – Vegen vidare, og kvar kan du få hjelp.

    Suldal Vekst næringshage arbeider dagleg med gründerar og andre entreprenørar og er her for å hjelpa deg som har ein god idé.

    Arrangementet blir gjennomført i samarbeid med Hjelmeland kommune og er gratis. Det vil bli enkel servering.

    For påmelding, send epost til: post@suldalvekst.no

    Frist innan måndag 3. oktober


    Sjå meir om arrangementet på Facebook.

    Eg har ein idé – korleis startar eg bedrift? Velkommen til Etablerersamling!
  • Tidspunkt: 8. oktober kl 12 - 14

    Stad: Hjelmelandsvågen

    Sjølvsagt blir det haustmarknad òg dette året!

    Meir informasjon kjem etter kvart, men merk deg datoen allereie no.

    Haustmarknad
  • Tidspunkt: Laurdag 15. oktober kl. 10 – 12:30

    Stad: Jøsneset Grendahus

    Program er under utvikling, men det blir sjølvsagt frukost!

    Lokale bedrifter får presentera seg og fortella si historie.

    Etter programmet kan du vera med ned til Krambua på Skiftun (ca. 200 meter).
    Her får du kjøpt lokalproduserte varer.

    Påmelding innan 12. oktober til tlf. 51 75 00 00 eller postmottak@hjelmeland.kommune.no

    VELKOMMEN!

    Hyttefrukost
  • Tidspunkt: 26. november kl 15:30 - 18:30

    Stad: Hjelmelandsvågen

    Julemarknaden blir arrangert laurdag før første søndag i advent.

    Kom og opplev den fine førjulsstemninga på julemarknaden i Hjelmelandsvågen!

    Foto: Ingrid Førre

    Julemarknad
  • Hjelmeland kommune/Hjelmeland Naturlegvis! har gleda av å invitera all ungdom i Hjelmeland til romjulsarrangement!

    Tidspunkt: Onsdag 28. desember kl 17 – 19:30

    Stad: Hjelmeland Samfunnshus

    Det er mange ulike og interessante jobbar i Hjelmeland, men kor lett er det for deg som er ung å få oversikt over kva for jobbar som finnast? Eller å kome i kontakt med moglege framtidige arbeidsgivarar? Arrangementet er meint å hjelpe ungdommane med å bygge nettverk og samstundes få ei oversikt over kva for sommarjobbar, lærlingplassar og attraktive faste jobbar som finnast i Hjelmeland.

    Me håper at mange ungdommar lar seg freiste av eit arrangement kor dei kan treffe både lokalt næringsliv og kvarandre.

    Meir informasjon om arrangementet kjem etter kvart, men me oppmodar ungdommen til å setja av tidspunktet allereie no.

    Romjulstreff der ungdommen møter næringslivet!