Youngsters 249963 1920

Ungdommen må med

Me vil at ungdommen skal bli høyrt når det gjeld utvikling av samfunnet i Hjelmeland.

Korleis me som samfunn evner å lytta til ungdom er viktig. Kva omdømme samfunnet vårt har hos ungdom er viktig for at fleire skal etablera seg i heimkommunen.

Me ønskjer å legga til rette for at unge frå Hjelmeland opplever at dei har en reell muligheit for å finna si framtidige arbeidsplass i heimkommunen etter avslutta utdanning. Då er det viktig at me møter ungdommen på deira premissar og med ein bodskap som dei oppfattar som relevant for seg. Både val av riktig kommunikasjonsplattform, tema og møteplassar er med å bidreg til dette.