Schlawicke 00

Foto: Morten Hetland

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge.
– Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.

av Morten Hetland

Familien Schläwicke budde i Liebenwalde, ein tysk landsby med ca. 4.200 innbyggarar. Torsten jobba som rådgjevar i Deutsche Bank, medan Signe jobba med menneske som hadde behov for spesielt tilrettelagde arbeidsplassar. Likevel var det noko som mangla:

Ole var ferdig med barnehagen, Leon gjekk på barneskulen og Sebastian var ferdig med 10. klasse, då familien bestemte seg for å flytta vekk frå det kjende, for å skapa seg ei ny framtid i Norge.

– Me flytta til Norge for å gje gutane betre moglegheiter til å leva gode liv. Me hadde diskutert det med gutane på førehand, og alle utanom Sebastian var med på å støtta planen og avgjerda. Det tok nokre år før han òg forstod at dette var bra for oss. Når me ser tilbake nå, etter 14 år i Norge, har det gått riktig bra for alle tre, fortel Signe og Torsten, som nå engasjerer seg i restauranten som Sebastian driv.

– Viss eg hadde vore myndig då, så hadde eg ikkje vore her i Hjelmeland i dag. Me budde berre éin times togtur frå Berlin, og hadde både pizzeria, kebabsjappe og fleire butikkar i Liebenwalde. Og så skulle me flytta til Fister, som hadde éin Joker-butikk… Ja, faktisk berre éin Joker-butikk, supplerer Sebastian.

TILFELDIGHEITER OG FLAKS

Sebastian fekk ein vanskeleg start på det nye livet i Norge. Han måtte flytta frå vennene i heimbyen, til eit land der han ikkje kunne språket. Han skulle begynna på vidaregåande skule i eit land der alt og alle var ukjende for han. Likevel skulle både tilfeldigheiter, og nokre porsjonar med flaks, gjera at han enda opp som kokk i sin eigen restaurant.

– Eg hadde ingen planar om å bli kokk, så det var berre flaks at eg valde restaurant- og matfag, og fann ut at eg faktisk likte å laga mat, fortel Sebastian, som pendla til dåverande Rygjabø vidaregåande skule på Finnøy i tre år.

– Eg var skulelei og hadde litt mykje fråver på vitnemålet då eg skulle søkja om læreplass, men med litt flaks enda eg opp hjå Kokkene Kommer. Der var det mange flinke folk som lærte meg mykje om alt frå catering og kantine. Seinare jobba eg to år hjå Fisketorget i Stavanger, og deretter to år hjå Bare Natur i Bergen. Og det var først i Bergen eg begynte å legga merke til kvaliteten ved å laga mat av lokale råvarer, forklarer Sebastian.

LOKALE RÅVARER: Sebastian sjekkar kvaliteten på dagens forsyning av grønsaker frå Førre torgsalg/gardsutsalg. Som vanleg er kvaliteten på topp. – Berre gode råvarer kan bli til god mat, fastslår Sebastian. (Foto: Morten Hetland)

Hausten 2019 flytta Sebastian tilbake til Tyskland, då han fekk tilbod om å jobba i restauranten på Hotel Adlon i Berlin, eit av dei mest kjende luksushotella i Tyskland. Men det blei ei kortvarig glede.

– Der var det ingen kontakt med gjestene, ingen kontakt med leverandørane og ein standard som eg ikkje ville vera med på. På togturen til jobb den fjerde dagen, skreiv eg oppseiinga på eit papirark som eg fann i lommen, fortel Sebastian.

Sebastian ringde heim til faren for å fortelja kva han hadde gjort, og blei overraska då faren ikkje kjefta på han, for å ha sagt frå seg ein trygg jobb.

– Nei, då blei eg berre endå meir stolt over Sebastian; det at han valde vekk noko som han ikkje kunne stå for, seier Torsten.

Sebastian hadde alltid hatt ein plan om å driva noko sjølv, i staden for å jobba for andre, og i mai 2020 kunne han endeleg opna dørene til sin eigen restaurant, heime i Hjelmeland: Smaken av Ryfylke.

– EIT FAMILIEPROSJEKT

– Restauranten er eit familieprosjekt, og det er dette som har bore heile prosjektet, meiner Torsten.

Det er berre Leon, den mellomste i søskenflokken, som slepp unna drifta av restauranten. Han bur i Kristiansand, og jobbar som seljar for Storebrand. Elles er både Signe, Ole, Torsten og Sebastian engasjerte i kvar sine fagområde: Signe er servitøren som smiler frå morgon til kveld. Ole har ansvar for IT, kassasystem og nettstad. Torsten har kontroll på budsjett, kalkylar og rekneskap. Sebastian utviklar menyen og sikrar at gjestene får gode smaksopplevingar.

– Det som framleis imponerer oss, er at Sebastian kan "tenka smakane" heime i sofaen, medan han fornyar menyen, fortel Signe og Torsten.

– Han set saman smakane i hovudet, ut frå kva sesongbaserte råvarer han får tak i. Og den smakseksplosjonen som du får når du tar alt på gaffelen samtidig… Den smaksopplevinga veit Sebastian om, allereie før han har smakt på rettane, utdjupar Torsten.

ØKONOMISK OG PRAKTISK: I tillegg til ansvaret for økonomi og administrasjon, har Torsten blitt Smaken av Ryfylke sin altmoglegmann. – Han gjer alt frå å svara på e-post, til å slå opp parasollar. Han tar seg av alt som skjer bak kulissane; det som gjestene ikkje legg merke til, fortel Sebastian. (Foto: Morten Hetland)

Éin av desse smaksbombene, var årets Gladmat-rett på Hjelmeland Naturlegvis sin stand: Laksemos med røykelaks frå Mikals Laks, jordbær frå Fisterbær (Tveitane gard) og rabarbra frå Førre torgsalg/gardsutsalg. Idéen om å servera laksemos kom frå soussjef Henrik Langkås, medan Sebastian smakte seg fram til dei ulike råvarene og smakane som skulle vera med.

– Det treffer på innovasjon, presentasjon og smak. Veldig kjekt når noen tør. Flinke folk i Hjelmeland, skreiv Harald Birkevold, matmeldar i Stavanger Aftenblad, då han trilla terningkast 5 (krev abonnement).

– Terningkast 5 er ikkje godt nok. Eg snakka med mange andre som serverte mat av ypparste kvalitet, men dei var òg frå mindre plassar utanfor Stavanger, og ingen av dei fekk meir enn terningkast 5. Ja, ja… Avisa får skriva som dei vil, men det er til sjuande og sist kundane som bestemmer, og fleire av dei kom tilbake og kjøpte retten fleire gonger. Det seier sitt, slår Sebastian fast.

For ordens skuld kan det nemnast at Hjelmeland Naturlegvis sin stand på Gladmat 2022 fekk heile fem nominasjonar og prisen for årets stand. Smaken av Ryfylke deltok med både matrettar, kokkar og servitørar på standen, saman med representantar frå Hjelmeland kommune og andre lokale matprodusentar.

GLADMAT-RETT: Torsten og Signe smakar på laksemos, Hjelmeland Naturlegvis sin Gladmat-rett 2022, servert av Smaken av Ryfylke og laga av lokale råvarer. (Foto: Morten Hetland)

Sebastian veit at han er streng med seg sjølv, når terningkast 5 ikkje er godt nok, men samtidig er han smerteleg klar over at dersom han ikkje er streng, vil kvaliteten på maten hans synka.

– Det gjeld å finna balansen mellom å vera streng nok på kvaliteten, samtidig som ein passar på å ikkje møta veggen, seier Torsten, medan han ser omsorgsfullt på sonen sin.

Familien Scläwicke veit at dei allereie leverer på kvalitet. Sebastian blei nemleg plukka ut til å vera matfagleg ansvarleg for Rogaland i samband med Internationale Grüne Woche i Berlin i januar i år.

– Det er ei kjempe-anerkjenning å bli spurt om å representera Rogaland og Norge, meiner Torsten, som synest det var trist at korona-pandemien sette ein stoppar for Grüne Woche 2022.

LOKALE RÅVARER = KVALITET

Den norske deltakinga i Grüne Woche er eit samarbeid mellom Statsforvaltarane i Rogaland, Møre og Romsdal og Vestland, og har som føremål å bidra til å utvikla Norge som mat- og reiselivsnasjon, med tydeleg regional og lokal identitet.

– Då me planla deltakinga i Grüne Woche 2022, merka eg tydeleg at alle dei lokale matprodusentane jobbar saman og snakka kvarandre fram. Her er det «Me, me, me!» i staden for «Meg, meg, meg!», meiner Sebastian.

Dei lokale matprodusentane har tatt med seg Sebastian på alt frå ysting og hausting av grønkål, til fiske og trekking av teiner. Til hausten skal han få sjå korleis dei lokale sideria produserer eplesider.

Lista over produsentar som leverer til Smaken av Ryfylke er lang: Askvik Frukt og Bær, Fisterbær (Tveitane gard), Uragarden, Ryfylke Gardsysteri, Helgøyfrukt, Hovda Gard, Førre torgsalg/gardsutsalg, Sævland Fiskeri, Eiane Gard, Buhagen, Mikals Laks, OmCider og Apal Sideri. I tillegg bakar dei sitt eige brød på kjøkkenet til restauranten.

– Utan desse flinke og samarbeidsvillige produsentane, hadde eg ikkje klart å laga så god mat. Det er ingen andre som greier å levera så ypparleg kvalitet. Det kostar gjerne litt meir i innkjøp, men smaken er verdt det, slår Sebastian fast.

SERVITØR: Signe jobba òg som servitør då ho var yngre, og har nå sagt opp sin faste jobb i Fister barnehage for å jobba for fullt i restauranten. (Foto: Morten Hetland)

Smaken av Ryfylke blei som nemnt opna i mai 2020, i starten av koronapandemien, og har ikkje fått driva som normalt eitt einaste år. Først var det heilt stengt, med tilbod om utkjøring av mat, deretter var det open restaurant med «meteren» og eit avgrensa tal på sitjeplassar. I to rundar har det òg vore forbode å servera alkohol til maten. Torsten og Sebastian beskriver det som eit motbakkeløp, der familien heile tida har vore nøydd til å finna nye løysingar.

– Det blir spanande å sjå korleis årets julebord-sesong blir, utan avgrensingar og smitteverntiltak, seier Sebastian.

Til årets julebord-sesong har Smaken av Ryfylke planar om å voksa: Dei har kjøpt ut første etasje i Ryfylke Brygge, som tidlegare husa Spa-hotell Velvære, og er i full gang med å byggja om spa-avdelinga til selskapslokale.

– Eg fekk meg nettopp ny jobb som prosjektleiar i Grieg Seafood, men eg kjem òg til å jobba for Smaken av Ryfylke Event, som mellom anna skal drifta selskapslokala og konferanseavdelinga i nær tilknyting til restauranten. Med det nye selskapslokalet, vil me kunna vera i stand til å ta imot både bedrifter og større private arrangement. Forhåpentlegvis er me klare til oppstart rett før jul, slik at me når julebord- sesongen, forklarer Torsten, medan han viser fram lokala som skal byggast om.

OMBYGGING: Spa-avdelinga på nedlagde Spa-hotell Velvære, skal bli nye selskapslokale for Smaken av Ryfylke. (Foto: Morten Hetland)

Smaken av Ryfylke er framleis i investeringsfasen. Familien Schläwicke er opptekne av å bygga seg opp eit namn og eit rykte, bli kjende og vera synlege. Sjølv om perioden mellom januar og mars gjev lite inntekter i kassen, går restauranten veldig bra i sommarsesongen. I alle fall bra nok til at dei vel å satsa og investera i ei utviding etter berre to års drift.

– ALT KLAFFA

Men korleis enda ein tysk trebarnsfamilie opp på litle Fister, og starta gourmet-restaurant på litt større Hjelmeland?

Torsten og Signe fortel at dei først og fremst hadde forelska seg i den norske naturen. Dei var på ferie i Noreg for første gong i 2004, og allereie då ferja segla ut frå Kristiansand, og sette kurs mot Danmark, kjende dei at saknet planta seg i hjarta då Noreg forsvann i horisonten.

Familien Schläwicke kom tilbake til Norge fleire gonger, og jula 2007 blei feira i ei feriehytte på Høyvik, rett nord for Jelsa i Suldal kommune.

– Verten vår, Trygve Høyvik, blei 80 år på julaftan, men likevel tok han oss med ut i skogen sin for å plukka ut eit juletre til oss. Dét blei eit varmt møte med det norske lynnet. Den same romjula kjørte me til Grønvik, sidan me hadde lese i ein katalog om fiskereiser at dei dreiv med hytteutleige der. Me ringde på døra, og Elisabeth og Arvid tok hjarteleg imot oss, og viste oss rundt. På veg opp frå Grønvik, nordover mot Fister, såg me utover fjorden, og nokre kraftige kjensler trefte oss rett i hjarta. Her ville me bu, fortel Torsten og Signe.

Plasseringa og naturen, menneska og alle tilfeldigheitene… Alt klaffa.

Tilbake i Tyskland begynte familien Schläwicke å planlegga flyttinga, og med god hjelp frå Elisabeth i Grønvik fekk dei all informasjonen dei trengde for å førebu seg på sitt nye liv i Noreg.

Først leigde dei ei leilegheit på Øvrehus, og deretter budde dei i eit større hus i Sandvika. Då det blei generasjonsskifte i Sandvika, og den nye eigaren ynskte å bruka huset sjølv, måtte Torsten og Signe vurdera om dei skulle leiga ein ny plass, eller om dei skulle bygga sitt eige hus.

– Frå terrassen til Paul Øvrehus, den første plassen me leigde, kunne me sjå rett ned på drøymetomta. Me tok nokre glas raudvin saman med grunneigarane, og med eit handtrykk hadde me kjøpt tomta, forklarer Torsten.

Fire år etter at dei flytta til Norge, kunne familien Schläwicke endeleg slå rot i sitt eige huset, berre eit steinkast nedanfor deira første bustad på Fister.

– Det har framleis ikkje gått opp for meg at det går an å ha det så fint. Utsikta skiftar kvar dag, og fleire gonger til dagen, så eg ser noko nytt kvar gong eg kikkar ut gjennom vindauga. Me har nok fått den finaste plassen på Fister, smiler Signe.

Før dei flytta til Norge, stilte Signe eit ultimatum: «Familien vil me alltid ha, men me treng nokon som me kan stikka innom til og ta eit glas eller flaske vin saman med. Viss me ikkje får oss venner, så flyttar me tilbake til Tyskland.» Men Signe sine bekymringar viste seg å vera grunnlause, for både gutane og foreldra fekk seg raskt nye venner. Gode venner.

Omtrent samtidig med at huset stod ferdig i 2012, blei Torsten alvorleg sjuk, og familien hadde meir enn nok med å ta vare på kvarandre. Naboar og gode venner gjekk difor saman om å måla heile ytterkledninga på huset, så då Torsten kom heim frå sjukehuset, var huset deira ferdig måla.

Torsten blir framleis emosjonell når han tenker på korleis dei stilte opp for familien.

– Me har fått så gode venner og naboar at me aldri kjem til å flytta herifrå, seier han med blanke auger og klump i halsen.

– Me er på rett plass, konstaterer Signe.

FAMILIEBEDRIFT: Sebastian, Signe og Torsten står saman om drifta av restauranten Smaken av Ryfylke. (Foto: Morten Hetland)

Andre artiklar

– Me må gjera ein innsats sjølv

Familien Hauge trivst godt på garden deira i Hetlandsbygda. Her har ungane stor boltreplass, og foreldra har laga seg arbeidsplassar av interessene sine.

Les meir

Musikalske og fleirkulturelle jøsnesbuar

Språk, kultur og musikk er viktig for familien Altamirano, der pappa snakkar spansk og mamma snakkar norsk. – Det har alltid vore spanande å ha røter i fleire kulturar, seier storesøster Malena Altamirano (23).

Les meir

– Det er som å bu på hytta

Familien Gjil bur på Hauga i Jøsenfjorden, på ein gard med lange tradisjonar og god utsikt utover fjorden som har gjeve namn til bygda.

Les meir

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

Les meir

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.

Les meir

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.

Les meir

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir